Ei unik musikkoppleving! The Young Suffering Ensembla er eit heil-akustisk band, som leikar med alt frå Bob Dylan til Beyonce.

Dørene og baren opnar 19.00 og er opne for alle med billett til konserten, og dei som har våre på Kunstutstillinga G – sanning tvil.

Konserten startar 21.00 og er KUN open for dei med konsertbillett.

Ensemblet består av Tobias Santelmann, Marie Blokhus, Hermann Sabado og Gaute Tønder. Dei balanserer på ein knivsegg frå det humørfylte til det sårbare, med kjærleiken i fokus. Nye og gamle, kjende og kjære låtar blir omsett til nynorsk, og blir kledd opp i ei ny musikalsk drakt. Felles for alle låtane til The Young Suffering Ensembla er at dei handlar om den o-store kjærleiken, eller mangel på han.

«Vi syng, vi lir, vi trur, vi gret, vi elskar og vi gir oss faen ikkje.»

Arrangementet er ein del av Garborgdager, og konkluderar festivalen. Etter konserten fortset avslutningsfesten for Garborgdagar her i Kulturbanken. Så frå 22.00, når konserten er slutt, er det då ope for alle.